We Believe JesusFé, Esperança e Nova Vida

Psalms 47

NorSMB: Studentmållagsbibelen frå 1921 · norueguês

← Psalms 46 Psalms Psalms 48 →

1Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.

2Klappa i henderne, alle folk! Kved høgt for Gud med fagnadrøyst!

3For Herren, den Høgste, er ageleg, ein stor konge yver all jordi.

4Han legg folk under oss og folkeslag under våre føter.

5Han vel ut vår arvlut åt oss, til gilda for Jakob som han elskar. Sela.

6Gud for upp med fagnadrop, Herren med basunljod.

7Syng lov for Gud, syng lov! Syng lov for vår konge, syng lov!

8For Gud er konge yver all jordi; syng til hans lov ein visleg song!

9Gud hev teke riket yver folki, Gud hev sett seg på sin heilage kongsstol. Folkedrottarne samlar seg som eit folk til Abrahams Gud; for skjoldarne på jordi høyrer Gud til, han er høgt upphøgd.

← Psalms 46 Psalms Psalms 48 →

Psalms 47 — norueguês:

Norsk: Bibelen på Norsk (1930)