We Believe JesusFé, Esperança e Nova Vida

Psalms 23

NorSMB: Studentmållagsbibelen frå 1921 · norueguês

← Psalms 22 Psalms Psalms 24 →

1Ein salme av David. Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting.

2Han fører meg til læger på grøne engjar; han leider meg til vatn der eg finn kvila.

3Han kveikjer mi sjæl, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld.

4Endå um eg gjeng i daudeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg.

5Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar, du salvar mitt hovud med olje; det fløder yver mitt staup.

6Berre lukka og miskunn skal fylgja meg alle mine livdagar, og eg skal bu i Herrens hus i ævelengd.

← Psalms 22 Psalms Psalms 24 →

Psalms 23 — norueguês:

Norsk: Bibelen på Norsk (1930)