We Believe JesusFé, Esperança e Nova Vida

Psalms 16

NorSMB: Studentmållagsbibelen frå 1921 · norueguês

← Psalms 15 Psalms Psalms 17 →

1Ein miktam av David. Vakta meg, Gud! for eg flyr til deg.

2Eg segjer til Herren: «Du er min Herre; eg hev inkje godt utan deg.

3Og dei heilage som er i landet, dei er dei herlege som eg hev all min hugnad i.»

4Mange sorger skal dei hava som byter åt seg ein annan; eg vil ikkje renna ut deira drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor.

5Herren er min tilmælte deil og mitt staup; du held min lut i hævd.

6Ein lut er meg tilfallen som er av dei huglege, ja, ein arv som eg finn fager.

7Eg vil lova Herren som gav meg råd; endå um næterne minner mine nyro meg um det.

8Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka.

9Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra fagnar seg, ja, ogso mitt kjøt skal kvila i trygd.

10For du vil ikkje yverlata mi sjæl til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang.

11Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.

← Psalms 15 Psalms Psalms 17 →

Psalms 16 — norueguês:

Norsk: Bibelen på Norsk (1930)