We Believe JesusFé, Esperança e Nova Vida

Psalms 13

NorSMB: Studentmållagsbibelen frå 1921 · norueguês

← Psalms 12 Psalms Psalms 14 →

1Til songmeisteren; ein salme av David.

2Kor lenge, Herre, vil du stendigt gløyma meg? Kor lenge vil du løyna ditt andlit for meg?

3Kor lenge skal eg hava sorger i mi sjæl, hugverk i mitt hjarta heile dagen? Kor lenge skal min fiende vera upphøgd yver meg?

4Sjå hit, svara meg, Herre min Gud! Lys upp mine augo, so eg ikkje skal sovna inn i dauden,

5so min fiende ikkje skal segja: «Eg hev vunne yver honom,» so mine motstandarar ikkje skal fagna seg yver at eg fell.

6Men eg set mi lit til di miskunn, mitt hjarta skal fagna seg i di frelsa; eg vil lovsyngja Herren, for han hev gjort vel imot meg.

← Psalms 12 Psalms Psalms 14 →

Psalms 13 — norueguês:

Norsk: Bibelen på Norsk (1930)