We Believe JesusFé, Esperança e Nova Vida

Psalms 128

NorSMB: Studentmållagsbibelen frå 1921 · norueguês

← Psalms 127 Psalms Psalms 129 →

1Ein song til høgtidsferderne. Sæl er kvar den som ottast Herren, som ferdast på hans vegar!

2Det dine hender avlar, skal du njota, sæl er du, og det gjeng deg vel.

3Kona di er som eit fruktrikt vintre inne i ditt hus; borni dine er som oljekvister kringum bordet ditt.

4Sjå, soleis vert den mann velsigna, som ottast Herren.

5Herren signe deg frå Sion! sjå med lyst på Jerusalems lukka alle dine livedagar!

6Og måtte du sjå born av dine born! Fred vere yver Israel!

← Psalms 127 Psalms Psalms 129 →

Psalms 128 — norueguês:

Norsk: Bibelen på Norsk (1930)