We Believe JesusFé, Esperança e Nova Vida

Psalms 11

NorSMB: Studentmållagsbibelen frå 1921 · norueguês

← Psalms 10 Psalms Psalms 12 →

1Til songmeisteren; av David. Til Herren flyr eg inn; kor kann de då segja til mi sjæl: «Fly til dykkar fjell som ein fugl!

2For sjå, dei ugudlege spenner bogen, dei hev lagt si pil på strengen til å skjota i myrkret på dei trugne i hjarta.

3Når grunnvollarne vert nedrivne, kva kann då ein rettferdig gjera?»

4Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver menneskjeborni.

5Herren prøver den rettferdige; men den ugudlege og den som elskar vald, honom hatar hans sjæl.

6Han skal lata snaror regna ned på dei ugudlege, eld og svåvel og glodheit vind vert deim tilmælt i deira staup.

7For Herren er rettferdig, han elskar rettferd, den trugne skal skoda hans åsyn.

← Psalms 10 Psalms Psalms 12 →

Psalms 11 — norueguês:

Norsk: Bibelen på Norsk (1930)