We Believe JesusFé, Esperança e Nova Vida

Psalms 1

NorSMB: Studentmållagsbibelen frå 1921 · norueguês

Psalms Psalms 2 →

1Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar,

2men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.

3Han er lik eit tre som er planta ved vatsbekkjer, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med.

4Ikkje so er det med dei ugudlege; men dei er lik agner, som vinden føykjer burt.

5Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige.

6For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns.

Psalms Psalms 2 →

Psalms 1 — norueguês:

Norsk: Bibelen på Norsk (1930)