We Believe JesusFé, Esperança e Nova Vida

Job 4

NorSMB: Studentmållagsbibelen frå 1921 · norueguês

← Job 3 Job Job 5 →

1Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:

2«Vert du vel tykkjen um eg talar? Men kven kann halda ordi inne?

3På rette veg du førde mange; dei trøytte hender styrkte du;

4med ord du hjelpte deim som snåva, og gav dei veike knei kraft.

5Men når det gjeld deg sjølv, du klagar; når deg det råkar, ræddast du!

6Di von du på di gudstru bygde og sette lit til last-laust liv.

7Tenk etter: Når vart skuldlaus tynt? Når gjekk rettvis mann til grunns?

8Stødt fann eg: dei som urett pløgde, og sådde naud, dei hausta slikt;

9dei stupte for Guds andedrag, gjekk for hans vreidestorm til grunns.

10Ja, løva skrik, og villdyr burar; ungløva fær sin tanngard knekt;

11og løva døyr av skort på rov; løvinna misser sine ungar.

12Ein løynleg tale til meg kom; i øyra mitt det stilt vart kviskra,

13som tankar i eit nattsyn kjem, når svevnen tung på folki kviler.

14Det kom ei rædsla yver meg, ei skjelving gjenom alle lemer;

15ein gust meg yver panna strauk, og på min kropp seg håri reiste;

16og noko stogga for mi åsyn; eg kunde ikkje klårt skilja; framfor mitt auga stod eit bilæt’, eg høyrde som ei røyst som kviskra:

17«Hev menneskjet vel rett for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar?

18Han sine tenarar ei trur og finn hjå sine englar lyte -

19enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol.

20Dei er frå morgon og til kveld; ein krasar deim - kven merkar det? - Og dei vert ikkje funne meir.

21Når deira tjeldsnor vert rykt upp, dei døyr og ingen visdom fær.»

← Job 3 Job Job 5 →

Job 4 — norueguês:

Norsk: Bibelen på Norsk (1930)