We Believe JesusFé, Esperança e Nova Vida

II Chronicles 27

NorSMB: Studentmållagsbibelen frå 1921 · norueguês

← II Chronicles 26 II Chronicles II Chronicles 28 →

1Fem og tjuge år gamall var Jotam då han vart konge, og sekstan år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa Sadoksdotter.

2Han gjorde det som rett var i Herrens augo, plent som Uzzia, far hans, hadde gjort, so nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens hus. Men folket heldt ved og gjorde det som vondt var.

3Han bygde den øvre porten i Herrens hus, og bygde dessutan mykje på Ofelmuren.

4Han bygde upp byar i Judafjelli og borger og tårn i skogarne.

5Han hadde krig med kongen yver Ammons-borni og vann yver deim, so at Ammons-borni svara skatt til honom i det året, tvo hundrad og femti våger sylv, tretti tusund tunnar kveite og tretti tusund tunnor bygg; det same svara Ammons-borni honom året etter og det tridje året med.

6Soleis vart Jotam megtig, av di han stødt førde si livsferd for Herren, sin Gud.

7Det som elles er å fortelja um Jotam, um alle krigarne hans og um alle fyretaki hans, er uppskrive i Israels og Judas kongebok.

8Fem og tjuge år var han då han vart konge, og sekstan år styrde han i Jerusalem.

9So lagde Jotam seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen, og Ahaz, son hans, vart konge i staden hans.

← II Chronicles 26 II Chronicles II Chronicles 28 →

II Chronicles 27 — norueguês:

Norsk: Bibelen på Norsk (1930)